Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
31.10.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155335Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 14.10.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Sjukepleiar eller vernepleiar - 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi søkjer etter ein sjukepleiar eller vernepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Om Meland sjukeheim/avdeling Lerketunet
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.
Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Som sjukepleiar eller vernepleiar på Lerketunet er du med å skape eit godt fagleg tilbod til personar som lever med demens. Du er med å gje bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Det er og viktig at du har god evne til å skapa eit triveleg miljø for pasientar, pårørande og medarbeidarar.
Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Tverrfagleg samarbeid
- Veiledning av studentar, lærlingar og kolleger.
- Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleier
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Ønskt kompetanse
Vidareutdanning innen demens eller geriatri
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar eller vernepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar eller vernepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team
Vi tilbyr
- Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
31.10.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155335Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 14.10.2021