Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6280936Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 80% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på Sundheimen ?
Sundheimen søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga. Ønsker du gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.
Kommunen treng engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester.
Om oss:Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Fire av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Om stillinga:Du får ei fast stilling i Øygarden kommune, for tida på demensavdeling ved Sundheimen. Sundheimen er tenkt utvida med fleire plassar, pr dags dato er ikkje tidspunktet politisk vedteke. Stillinga er eit vikariat frå 1. september 2025 og ut februar 2027, etter dette er du framleis tilsett i kommunen med moglegheit vidare arbeid ved Sundheimen evt anna arbeidsstad i kommunen.
- Heilskapleg omsorg for eldre menneske
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver og ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Enklare Laboratorie-arbeid
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Vernepleiar kan bli vurdert for stillingar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff i 100 % .
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 12 langhelger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Eit kollegialt fellesskap prega av omsorg, humor og samarbeid
- Mentorordnining
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du køyrer mot trafikken og du parkerer gratis og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076122
glenn.bjarum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6280936Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 80% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar natt, 80% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/Vernepleiar 80 % stilling i vikariat på forsterka skjerma eining
Øygarden kommune
RONG -
Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar 70% vikariat
Øygarden kommune
RONG