• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4759849
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 10.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sjukepleiar - 80-100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 3 faste stillingar som sjukepleiar i 80 - 100 % i todelt turnus, med arbeid i snitt kvar 3. helg. 

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst med eit stort geografisk område og eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. 

Som medarbeidar i heimetenesta er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setje preg på, og vere med å utvikle tenestene til beste for brukarane. Avdelingane i heimetenesta i Alver kommune samarbeidar tett på tvers av dei geografiske inndelingane. Eininga består av 8 avdelingar; Ostereidet, Knarvik Sør Vest, Knarvik Nord Aust, Lindås, Alversund/Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er fleksibel
  • ser løysingar framfor problem
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har erfaring frå team

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4759849
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 10.09.2022