Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
17.08.2020Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3000016Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 22.07.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Sjukepleiar 75% vikariat natt på Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids- og langtidspasientar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneske
- Sjukepleiarfaglege oppgåver
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon sjukepleiar
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim og gjerne med erfaring med demente brukarar.
Eigenskapar:
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskje
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du er open for nye utfordringar
- Evne til å takla stress og hektiske situasjoner når det er krevd
- Fleksibel
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Anna:
Dette er eit vikariat førebels til 28.februar 2021 Stillinga inngår p.t i turnus med arbeid kvar 3. helg, men vil bli ein del av årsplan frå desember.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar på natt er for tida løna kr 65 000 pr år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode : 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar: Renate Forland : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
17.08.2020Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3000016Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 22.07.2020