• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838146
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 10.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar 75% fast stilling, demensavdeling - Fjell sjukeheim

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 42 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 34 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar.

Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.

Avdelinga er delt inn i 3 fløyer.

Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og  musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov.

Vi treng no ei dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid.

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar / Vernepleiar

Ønskjeleg med:  

  • Erfaring frå sjukeheim

 

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt og tek avgjerdar
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Anna:

  • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar/vernepleiar i fast turnus
  • 5% av stillinga er knytt til timebank

 

Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig.

 

Kontakt: Einigsleiar: Ruth N Bakke. tlf: 55 09 74 13  /  903 60 110

                Avd.leiar:    Maria G Furenes, tlf: 55 09 74 06 / 480 39 223

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838146
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 10.11.2022