Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
01.03.2022Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4077823Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 08.02.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Sjukepleiar 70% fast stilling på Sundheimen, somatisk avd.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.
Stilling er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneske
- Sjukepleiefaglege oppgåver.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Eigenskapar:
- Har erfaring frå arbeid i Sjukeheim
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du er open for nye utfordringar
- Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- på år over gjeldande tariff.
Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
20 % av stilling er i timebank der dei fleste timane er plassert i årsplan.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Ledig frå ca 1. desember 2021 .Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vi bli vurdert av same søkarmasse.For større stilling kan timebank vurderast
Kontakt:
- Einingsleiar : Janne Thode , 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
01.03.2022Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4077823Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 08.02.2022