• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    09.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6661440
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Vacancy

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din der du verkeleg betyr noko – kvar einaste dag?

Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din, ta ansvar og vere med på å gjere ein forskjell for menneske som treng deg.

Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi spelar kvarandre gode. Vi trur at gode tenester blir skapte av medarbeidarar som trivst, og derfor legg vi stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og å ta vare på kvarandre. Kollegaene dine har brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg samt mykje humor og eit sterkt engasjement for bebuarane våre.

Naustdal omsorgssenter er eit mindre omsorgssenter med 19,64 årsverk. Vi yter heildøgns omsorg til personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Hos oss blir du godt kjend med både bebuarar og kollegaer, og du blir ein viktig del av eit fagmiljø der alle bidreg og blir sett.

Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar

Du får ein variert arbeidskvardag i tredelt turnus. Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.

Arbeidsoppgåver:
  • yte heilskapleg og fagleg forsvarleg sjukepleie til bebuarane våre
  • observere, vurdere og følgje opp endringar i pasientane sin helsetilstand
  • handtere legemiddel og dokumentere i journalsystemet Cosdoc
  • samarbeide tett med pårørande, tilsynslege og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp
  • bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Vi søker deg som:
  • er engasjert og lærevillig
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har grunnleggande datakunnskapar – vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvillig og løysingsorientert
  • er trygg på å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er trygg på å ta ansvar

Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr deg:
  • eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
  • tett samarbeid på tvers av profesjonar, der ulike fagkompetansar blir verdsette
  • ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
  • moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø
  • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • rekrutteringstillegg på kr 35 000 per år 

Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.

Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om bebuarane og kvarandre. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Du søker elektronisk.

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    09.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6661440
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune