Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord legetenest har legesenter i Førde, Naustdal, og på Sande og Skei. Alle legesentera har knytt til seg helsesekretærar og sjukepleiarar

Arbeidet ved legesentera er varierte og utfordrande. Dei aller fleste oppgåvene vert rullert mellom dei ulike medarbeidarane.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar

Oppgåvene er varierte og vil omfatte ekspedisjon, laboratorium og behandlingsrom. 

Du må:
  • ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før du starter i stillinga.

Bør krav til søkar:

Vi ønskjer deg som toler ein variert kvardag, der du må snu deg rundt, og hjelpe til slik at arbeidsoppgåvene ved legesenteret vert utført.
Som del av kollegiet ved legesentreret er vi avhengig av at du samarbeider og deler kunnskap og erfaring.

Sjølv om jobben krev fleksibilitet, forventar vi likevel at pasienttryggleiken vert tatt i vare ved nøyaktig arbeid og høg fagleg kvalitet.


Den som vert tilsett vil få god opplæring.

 
Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.