• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    08.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    6562637
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Kvam brann- og redningsvesen

Brannkonstablar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer brannkonstablar til Kvam brann- og redningsvesen

  • 1 fast stilling ledig frå snarast og 1 vikarstilling ledig frå 01.08.2026 - 31.07.2027
  • Begge stillingane er for tida ved Oma brannstasjon

Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik. 

Som brannkonstabel vert du ein del av beredskapen i lokalsamfunnet og bidreg til tryggleik for innbyggjarane i ditt eige nærområde.

Les meir om oss her: Kvam brann- og redningsvesen

Arbeidsoppgåver

Som brannkonstabel vil du mellom anna: 

  • delta på utrykking som ein del av ein innsatsstyrke ved brann- og redningsoppdrag
  • delta i øvingar og kurs for å oppretthalda og utvikla eigen og etaten sin faglege kompetanse
  • bidra til å halda beredskapen operativ gjennom vedlikhald av utstyr og køyretøy
  • delta i førebyggjande- og informasjonsarbeid 
  • bidra til godt samvirke med andre naudetatar og samarbeidspartnarar
  • halda deg oppdatert på lokalkunnskap og framkomelegheit i innsatsområdet
  • representera Kvam brann- og redningsvesen på ein god og tillitvekkjande måte.

Kvalifikasjonar

Me søker personar som:

  • har bestått vidaregåande utdanning på fagarbeidarnivå, eller har minst tre års relevant yrkeserfaring frå praktiske fag
  • bur i same bygda som brannstasjonen ligg i. Det er ein fordel om du også har ditt daglege arbeid i området
  • kan møta på brannstasjonen innan den innsatstida som gjeld for stasjonen
  • kan leggja fram dokumentert løyve frå arbeidsgjevar til å delta i brann- og redningsvesenet
  • er villig til å gjennomføra den opplæringa som vert stilt krav om i stillinga
  • har god fysisk og psykisk helse. Det vert stilt fysiske krav til tenesta som må oppfyllast
  • kan leggja fram tilfredsstillande helseattest, også for røykdykking
  • kan arbeida i høgda og i tronge rom som ein del av dei operative oppgåvene i brann- og redningsvesenet
  • er symjedyktig
  • har førarkort klasse B og har hatt dette samanhengande i minst to år
  • har plettfri vandel
  • Utvida politiattest må leggast fram før tilsetjing
  •  beherskar norsk skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du:

  • har førarkort klasse C. Dersom du ikkje har dette, må du vera villig til å tileigna deg dette
  • har arbeid eller bustad i nærleiken av Oma brannstasjon


  • Naudsynt opplæring er eit sentralt krav. Søkar må difor vera førebudd på å be om fri eller permisjon frå hovudarbeidsgjevar for å gjennomføra delar av opplæringa.
  • Stillinga stiller krav til fysisk kapasitet, og søkjarar må vera førebudde på å trena og oppretthalda fysisk form for å kunne stå i operativ teneste, inkludert røykdykking og krevjande oppgåver i tenesta

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på at du:

  • har gode samarbeidsevner, er tilpassingsdyktig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god lagånd
  • fungerer godt i eit lite team der tillit, samhandling og gjensidig støtte er avgjerande
  • er praktisk, løysingsorientert og tek ansvar når situasjonen krev det
  • er lærevillig og motivert for kontinuerleg fagleg utvikling
  • er oppteken av HMS og føl instruksjonar og prosedyrar
  • har eit roleg vesen og evne til rasjonelle vurderingar i stressa situasjonar
  • møter andre med respekt, openheit og gode haldningar
  • er serviceinnstilt, raus og inkluderande
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Me tilbyr:

  • ei spannande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • eit godt arbeidsmiljø
  • Mangfald

Kvam brann- og redningsvesen ønskjer eit større mangfald blant tilsette og oppmodar særleg kvinner og personar med ulik bakgrunn til å søkja. Kvalifiserte kandidatar vert vurderte uavhengig av kjønn, alder, kulturell bakgrunn eller etnisk opphav.

Generell informasjon

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    08.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    6562637
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad