Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
680, Sunnfjord
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6537998Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er sjukepleiar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Vi kan tilby:- tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- sikre journalføring.
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- godkjent politiattest
- gode IKT kunnskapar
Det er ein fordel om du har førarkort klasse B.
Vi ser etter deg som:- har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg
- trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
- er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- er fleksibel, trygg og open for endringar
- held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksi
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
680, Sunnfjord
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6537998Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune