Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
21.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6487050Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt.? Då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.
Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som sjukepleiar.
Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelinga sine pasientar og du arbeider tverrfagleg i team. Du skal som pasientansvarleg sjukepleiar vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet, fagleg forsvarleg praksis, kvalitet i tenesta og koordinere tenestetilbodet.
Søkar må:- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- kunne legge fram gyldig politiattest før start i stilling
- vere fagleg engasjert og ha vilje til å halde seg oppdatert
- vere løysingsorientert, fleksibel og kunne tenke nytt og ha evne til å reflektere
- ha gode samarbeidsevne
- vere strukturert
- vere ansvarsbevisst
- kunne samarbeide og kommuniserer godt
- vere lojal og bidreg til eit positivt miljø
- rekruttering- og stabiliseringtillegg på kr 35 000,- per år
- kompetanstetillegg for relevant vidareutdanning
- moglegheit for langvakter
Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar turnusen så langt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
21.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6487050Look here for other jobs from Sunnfjord kommune