Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
16.02.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6517865Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 60 % vikariat , natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Sotra legevakt er ein 24-timars legevakt. Vi er godt organisert og har eit godt arbeidsmiljø. Legevakta har nye og moderne lokalar i Øygarden lokalmedisinske senter, sentralt plassert på Straume.
Vi nyttar anerkjende støtteverktøy som legevaktsindeks og SATS Norge til pasienttriage. Journalsystemet vårt er Webmed.
Vi har no ledig eit vikariat fra 01.03.26 – 01.09.27
Arbeidsoppgåver:
- Triagering på telefon – sjukepleier triagerer pasient på telefon for å vurdere alvorsgraden og gi riktig hjelp.
- Triagering og behandling på legevakt – sjukepleiar utfører diverse prosedyrar, målingar, medikament handtering, laboratoriearbeid og overvaking av pasientar.
- Legevaktbil – legevakta har en uniformert bil, men ikkje godkjent utrykkingskøyretøy, men som nyttast ved akutte - og hasteoppdrag utanfor legevakta.
- Diverse forefallande arbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisert sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
- Gode IKT kunnskapar
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå legevakt
- Minimum fire års erfaring som sjukepleiar
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevne
- Evne til å skape god dialog med pasientar og pårørande
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljøPåliteleg og engasjert
- Strukturert i arbeidet, kunne prioritere oppgåver og ta avgjersle
- Trivs godt i eit hektisk arbeidsmiljø og har evne til å handtere akutte hendingar
- Fleksibel og liker å finne løysingar
- Vi legg stor vekt på at du er personleg egna til stillinga
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
- Vi har årsturnus med arbeid ca kvar 3 helg.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Kathrine Vatne Bye, konstituert leiar Tlf :92250143
Mail: Kathrine.bye@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
16.02.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6517865Se här för andra jobb från Øygarden kommune