Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6668824Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 60-80% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Vi har ledig stilling pt. knytt til natt.
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til og er i gang med sjukepleiarteam.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til . Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Arbeidsoppgåver:- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- Utføre leiarskap når naudsynt.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026)
- Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Enklare Laboratorie-arbeid
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna 35.000,- pr år og 40.000.- for nattarbeid over gjeldande tariff i 100 % .
- Stillinga inngår.i årsplan med arbeid 16 helger pr. år
- Ekstra helg planlagt i årsplan blir kompensert
- Vernepleiar kan bli vurdert for stilling. Verneleiarar/spesialvernepleiarar vert løna 25 000,- pr år over gjeldande tariff.
- Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Mentorordnining satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Arbeid i sjukepleiarteam
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal . 56160400/96942550 Silje.skagen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6668824Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 75% fast – Natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 100% fast , demens avd.
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar/Vernepleiar 100% mellombels
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Faste helgestillingar ledige
Øygarden kommune
STRAUME