Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
22.09.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4085935Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 08.09.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Sjukepleiar 50% fast stilling, Øygarden lokalmedisinske senter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga som her vert lyst er knytt mot intermediær og korttidsavdeling, samt ØH-hjelp og palliasjon.
Stillinga blir lagt i årsturnsus med 16 helgar.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av pleie og behandling av pasientane
- Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
- Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
- Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
- Tverrfagleg arbeid
- Vere ein god rollemodelle for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
Kvalifikasjonar:
- Autorisert sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med intermediærpasientar, ØH og kortidspasientar vi bli vektlagt.
Eigenskapar:
- Personleg eigna
- Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
- Du ønskjer å jobbe med korttid- , intermediær-, palliasjon-, og ØH-pasienter
- Du tykkjer det gjer meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
- Du viser engasjement i arbeidet ditt
- Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
- Du er er open, nysgjerrig og gjer beskjed når det trengs
- Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
- Du har gode IT-kunnskap
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- på år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55097220
Regine Ulveseth – avdelingsleiar 55097438
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
22.09.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4085935Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 08.09.2021