• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891985
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 01.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har DU lyst å blir vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord!

Førde omsorgssenter, korttidseininga, treng ny fagkompetanse og søker din sjukepleiekunnskap!

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre einingar held til her. Korttid, langtid og skjerma. Vi ønsker å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i sentrum. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. 

Vi på Korttidseininga har fleire spennande stillingar ledig:
  •  3 x 100% fast stilling som sjukepleiar

Ønsker du å jobbe på ei spennande og lærerik eining, i lag med ein gjeng veldig kjekke kollegaer?
Vi er ei eining med 15 pasientar. Dei fleste av våre pasientar kjem frå sjukehuset, då dei treng noko meir oppfølging før dei skal heim. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna sjukepleiarar til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

Vi søker deg som:
  • har motivasjon for å jobbe på ei Korttidseining og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Om stillingane:

  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande, sjukeheimslege og spesialisthelsetenesta
  • veileder- og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
  • turnus med arbeid kvar 3. helg

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet  i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • for tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 mnd
  • stillingane er organisert i turnus med arbeid dag/kveld/natt/helg
  • det må leverast godkjent politiattest av ny dato før tiltreding
  • må beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap
Vi tilbyr:
  • rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20 000 per år i 100 % stilling for sjukepleiarar
  • ein variert arbeidskvardag
  • engasjerte kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtale

Velkommen som søkjar!

Du må søke elektronisk. 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891985
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 01.03.2023