Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.10.2022Stillingsfunksjon
SjukepleiarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4778749Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 22.09.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arbeidsstaden er Skjerma eining ved Førde Omsorgssenter. Eininga har 28 plassar fordelt på 2 avdelingar. Skjerma eining er for deg som har interesse for aldersdemens og eldreomsorg. Vi ønsker å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Vårt fokus er at bebuaren skal få god oppfølging og kjenne seg trygg.
Avdeling 1:16 plassar til personar med demenssjukdom. Kognitiv svikt er bebuaren si største utfordring.
Avdeling 2:Er ei open avdeling der det bur 12 bebuarar. Denne avdelinga har større pleietyngd.
Begge avdelingane har fokus på miljøarbeid, personsentrert omsorg og at bebuar skal oppleve livskvalitet i trygge rammer.
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar!Vi søker deg som:
- er autorisert sjukepleiar
- har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga, og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med menneske og verer oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- behersker godt norsk, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel med vidareutdanning innan demensomsorg eller lindrande behandling, men ikkje eit krav. Vi søker også etter deg som har erfaring som ressurssjukepleiar.
Omtale stillingane:- utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar
- samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
- veiledar- og undervisningsansvar
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og omsorgssektor
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse, pleie og omsorg
Stillinga er for tida organisert i turnus med arbeid dag/kveld/natt, samt kvar 3 helg. Vi vurderer å innføre langvakter med arbeid kvar 4. helg, og er i ein kartleggingsfase der vi ser på om dette kan gjennomførast.
Kva tilbyr vi?Eininga har mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi har fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenestene våre, og har difor støtteordningar for vidareutdanning. Vi kan tilby kompetansetillegg på kr 7 500 til kr 30 000 for relevant vidareutdanning ved 15-60 studiepoeng. I tillegg har vi rekrutteringstillegg på kr 20 000.
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Politiattest av nyare dato må leverast til leiar før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.10.2022Stillingsfunksjon
SjukepleiarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4778749Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 22.09.2022