Company
Hå kommuneApplication deadline
01.08.2022Form of employment
workTime.NattIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4633082Look here for other jobs from Hå kommune
- Updated 29.06.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Hå kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Innafor tenesteområdet helse og sosial, i nattpatruljen, er følgjande stilling ledig for sjukepleiar:
- 50,7 % med arbeid kvar fjerde helg. Fast stilling.
Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.
Kvalifikasjoner
Me søker deg som:
- er utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- har førerkort klasse B (manuell)
- har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
- kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
- er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
- har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
- liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det
Me tilbyr:
- Ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Konkurransedyktig lønn
- Variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
- Arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg
Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte fung.leiar Terese Håland, tlf 415 32 789
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Company
Hå kommuneApplication deadline
01.08.2022Form of employment
workTime.NattIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4633082Look here for other jobs from Hå kommune
- Updated 29.06.2022