• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4633082
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 29.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Innafor tenesteområdet helse og sosial, i nattpatruljen, er følgjande stilling ledig for sjukepleiar:

  • 50,7 % med arbeid kvar fjerde helg. Fast stilling.

Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.

Kvalifikasjoner
Me søker deg som:

  • er utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • har førerkort klasse B (manuell)
  • har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
  • kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
  • er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
  • liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det

Me tilbyr:

  • Ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønn
  • Variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte fung.leiar Terese Håland, tlf 415 32 789

Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4633082
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 29.06.2022