• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.08.2021
  • Arbetsfunktion
    Sjukepleiar
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3997164
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 28.07.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!

Vassenden heimeteneste har rundt 150 brukarar i alle aldersgrupper, med hovudvekt av eldre. I heimetenesta er ingen dagar like, og det dukkar stadig opp nye situasjonar og utfordringar som må løysast. Ved å jobbe i heimetenesta får du kontinuerlig fagutvikling og moglegheit til å tileigne deg ein unik breiddekompetanse. Jobb i heimetenesta passar for deg som likar utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåvene. Du må vere trygg på deg sjølv og like å jobbe sjølvstendig, samtidig som du er ein del av eit tverrfaglig miljø. Du er positiv, glad i nye utfordringar og ynskjer å utvikle din fagkompetanse.

Vi har ein positiv og støttande personalgruppe som ynskjer fleire på laget. Vi utfyllar kvarandre og gjer kvarandre gode. Om du er nyutdanna eller har årevis med erfaring lovar vi å ta godt vare på deg!

Vi har ledig føljande stillingar: 

 
2 faste 100% stillingar for sjukepleiarar

Stillingane er tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver: 
  • ansvarlig for å utføre pleie og omsorgs oppgåver i henhold til gjeldande vedtak
  • å fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding
  • bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfaglig samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen
  • samarbeide tverrfaglig med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar
  • sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeider
  • bidra til å sikre forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • ansvar for legemiddelhåndtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar
  • gje rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftlig
  • gyldig politiattest
  • god IT-kunnskap
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kva tilbyr vi?
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • lønsvilkår etter gjeldande tariffavtale og mogelegheit for kompetansetillegg ved relevant tilleggsutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsettinga etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

 For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månader.

 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.08.2021
  • Arbetsfunktion
    Sjukepleiar
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3997164
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 28.07.2021