• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    06.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3371994
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde heimeteneste, eining 1, held til på Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 65 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter. Eininga har om lag 33 årsverk. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag der ein følger opp ulike brukarar som bur heime i omsorgsbustad.

Arbeidsoppgåvene er m.a.:
  • tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelstenesta
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet Cosdoc

Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vikariatet gjeld i perioden 01.03.21 – 31.10.21

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Vi ønsker at du:
  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert
  • er fleksibel

Desse personlege eigenskapane vert vektlagt ved tilsetting. 

Kva kan vi tilby?
  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.

Politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    06.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3371994
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.01.2021