Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
16.08.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3015159Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 02.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune har ledig 75% fast stilling som sjukepleiar.
Arbeidsstad
Vaksdal sjukeheim.
Om avdelinga
Vaksdal kommune har ledig 75% sjukepleiarstilling i 3. etasje på Ressurssenteret for personar med demens.
Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon.
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg
Personlege eigenskapar
- Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
- Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
- Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
- Du må takle å stå i interessekonfliktar og har høg arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, må opprette nytt brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
16.08.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3015159Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 02.07.2020