• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    20.03.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5018397
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 07.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Sjukepleiar 70% fast, somatisk avdeling Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar 70 % fast stilling på Sundheimen somatisk avd.

Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling?

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen), med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.

 

Om avdelinga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påvirke din eigen arbeidsplass, å jobbe tverrfagleg og i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av tiltaksplanar i CosDoc
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysingar

 

 Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdannig

 

 Personlege eigenskapar:

  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 

 

Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år
  • Deler av stillinga er lagt i fast timebank . Om auke utover 70 % er det mogleg

 

Vi tilbyr:

  • Sjukpleiefaglege utfordringar
  • Spennande og variable kvardagar 
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Øygarden kommune har behov for
  • Moglegheit for tilrettelagt turnus
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade

 

Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar : Irene Sylte Glesnes , 56160400 / 91737554 Irene.Glesnes@oygarden.kommune.no

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    20.03.2023
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5018397
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 07.03.2023