• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    14.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5039945
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 01.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sjukepleiar - 2x100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig to faste sjukepleiarstillingar i 100 %, med arbeid i todelt turnus og kvar 3. helg. Oppstart for den eine stillinga er så snart som mogleg, medan den andre stillinga er ledig frå 01.06.23. 

Om Frekhaug heimeteneste

Avdeling Frekhaug har to kontor; eit kontor på Frekhaug og eit kontor på Vikebø. Den eine stillinga er knytt mot kontoret på Frekhaug, og den andre stillinga er knytta mot kontoret på Vikebø. Det er om lag 60 tilsette i avdelinga, og vi gjev tenester til personar busett på Holsnøy og Flatøy.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisingar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • kan prioritere i ein travel kvardag
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er løysingsorientert, påliteleg og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga

Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team. I tillegg er du ein sjukepleiar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør
  • Årsturnus

For sjukepleiarar tilbyr vi kr 10.000,- over garantiløn etter ansiennitet.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    14.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5039945
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 01.03.2023