Company
Øygarden kommuneApplication deadline
29.05.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4591863Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 14.05.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Sjukepleiar 2*100% fast stilling, Heimetenesta sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du den nye sjukepleiaren vår?
Er du sjukepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling / tiltak.
Det vert no lyst etter 2 x 100% stilling fast for sjukepleiar i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.
Stillingane er ledig frå snarast
Arbeidsoppgåver:
- Yte fagleg forsvarleg teneste i henhold til gjeldande vedtak.
- Bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Kartleggje sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
- Framme god helse, førebyggje sjukdom og lindre liding.
- Bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen.
- Samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar.
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Gje rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar.
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisert sjukepleiar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Krav om framlegg av politiattest
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Fast 100% stilling
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift.
Kontakt:
Einingsleiar Kate S Løland 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
29.05.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4591863Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 14.05.2022