Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100 % fast stilling på somatisk avdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling ?

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påverke din eigen arbeidskvardag, du får jobbe tverrfagleg i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. Avdelinga har kvar vekedag ein sjukepleiar «på topp», som gjer reine sjukepleiefaglege oppgåver, denne rolla rullerast på. Vi har serviceassistentar på avdelingskjøkken 3-4 dagar i veka.  Arbeidsmiljøet vårt er vi er stolt av, og du vil bli tatt godt imot hjå oss på somatisk avdeling.

Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
Personlege eigenskapar:
  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
  • Du bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 
Anna:
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år./ 12 langhelger pr år
  • Stillinga er ledig frå medio september
Vi tilbyr:
  • Sjukepleiarfaglege utfordringar
  • Spanande og variable arbeidsdagar
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Rekrutteringstillegg
  • Gratis parkering med lademoglegheit
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.