Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast stilling, Heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut 100% fast stilling i heimetenesta. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom. Avdelinga nyttar årsturnus.

 

Stillinga er ledig frå 09.09.2024

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
  • Primærsjukepleie
  • Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
  • Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
  • Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Halde deg faglig oppdatert og bidra til fagleg utvikling.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisasjon som sjukepleiar

 

Andre krav:

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

 

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

 

Anna:

Sjukepleiar og spesialsjukepleiar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff

 

 

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate Løland på telefon 56 16 05 02 – mobil 950 71 121

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.