Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
04.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6598557Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Sjukepleiar 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Korttids/rehabiliteringsavdelinga har 20 plassar. Vi har nyleg opna opp 4 plassar og søker engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker å være med og bygge opp eit viktig tilbod og vidareutvikle tenesta.
Avdelinga gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og som treng kartlegging av vidare hjelpebehov. Vi tilbyr mellom anna opptrening og vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Arbeidet i avdelinga har eit tydeleg fokus å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne.
Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta og arbeider tverrfagleg for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp.
Sulatunet har lyse og trivelege lokaler og ligg vakkert til ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar og rehabiliterings i nærmiljøet.
Avdelinga er prega av flinke, og engasjerte fagfolk, varierte og spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø. Vi er innovative og tek i bruk velferdsteknologi. Helseplattformen er i bruk i avdelingen. Avdelinga har også besøkshund.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar
Kvalifikasjoner:
- Vi søkjer etter autoriserte sjukepleiarar
- Krav om politiattest for stillinga.
Personlige egenskaper:
- Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
- Gode faglege kunnskapar
- Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
- Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.
Vi tilbyr:
- Et positivt og engasjert fagmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
- Langvakter på helg i nokre stillingar
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Stipendordning for sjuke- og vernepleiarstudentar
- Lokalt tillegg for helsepersonell: fagarbeidarar kr 5000,- pr år, høgskuleutdanna kr 6500,- pr.år (justerast etter stillingsprosent)
- Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år. (justerast ikkje etter stillingsprosent)
- Lokalt tillegg for 20 års ansiennitet kr 5716,- pr år
- Tillegg for vidareutdanning
- Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning
- Gratis parkering
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
04.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6598557Se her for andre jobber fra Sula kommune