• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    31.10.2021
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4155329
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 14.10.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Meland sjukeheim avdeling Solkroken

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som ha rehabiliterings behov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.

Solkroken er ein kortidsavdeling med 10 sengeplassar som ligg lokalisert på Meland Sjukeheim på Frekhaug. Hos oss får vi inn pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. På Solkroken arbeider vi derfor tverrfagleg i samarbeid med fysio - og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Som sjukepleiar vil du bruke breidda i  kompetansen din, då du vil møte mange ulike faglege promlemstillingar i arbeidet. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold. 

Arbeidsoppgåver

  • Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing av studentar, lærlingar og kolleger.
  • Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
  • Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
  • Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Ønskt kompetanse

Vidareutdanning innen demens eller geriatri

Kven er du?

Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement og handlekraft, og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, klarer å sjå heilhetsbilete og prioriterer i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, er fleksibel og jobbar godt i team.

Vi tilbyr

  • Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    31.10.2021
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4155329
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 14.10.2021