Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
31.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155329Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Meland sjukeheim avdeling Solkroken
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som ha rehabiliterings behov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.
Solkroken er ein kortidsavdeling med 10 sengeplassar som ligg lokalisert på Meland Sjukeheim på Frekhaug. Hos oss får vi inn pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. På Solkroken arbeider vi derfor tverrfagleg i samarbeid med fysio - og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Som sjukepleiar vil du bruke breidda i kompetansen din, då du vil møte mange ulike faglege promlemstillingar i arbeidet. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing av studentar, lærlingar og kolleger.
- Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Ønskt kompetanse
Vidareutdanning innen demens eller geriatri
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement og handlekraft, og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, klarer å sjå heilhetsbilete og prioriterer i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, er fleksibel og jobbar godt i team.
Vi tilbyr
- Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
31.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155329Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.10.2021