Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
31.10.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155321Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 14.10.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Knarvik sjukeheim, avdeling 3
Avdeling 3 ved Knarvik sjukeheim er ein kortidsavdeling som har pasienter med samansette utfordringar og forskjellige aldersgrupper. Vi har 12 pasientrom på Kvarvik sjukeheim,og ligg lokalisert sentralt i Knarvik. Hos oss får vi inn pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. På avdeling 3 arbeider vi derfor tverrfagleg, i samarbeid med fysio - og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Avdeling 3 har eit aktivt miljø, og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit stabilt personale som har vore på avdelinga lenge, og eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøgde.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Tverrfagleg samarbeid
- Veiledning av studentar, lærlingar og kolleger.
- Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Ønskt kompetanse
Vidareutdanning innen demens eller geriatri.
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team
Vi tilbyr
- Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
31.10.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155321Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 14.10.2021