• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    28.09.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4745292
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 14.09.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast, somatisk avdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar  100% fast – somatisk avdeling - Fjell sjukeheim

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.


Ønskjer du nye utfordringar?

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.

Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Blodprøvetaking og andre undersøkingar tas på avdelinga, og sjukepleiarane kan jobbe saman for å ta gode vurderingar ut ifrå desse.

For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre sjukepleiarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.

Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har eit ønskje om – og vi jobbar målretta mot dette – å få sjukepleiarane i sjukepleiarteam.

 

Kven er du?

  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysningsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • Ei som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter
  • Administrasjon – tiltaksplanar, prosedyrar, rapportering m.m.

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha: Autorisert sjukepleiar

Ønskjeleg med:  Erfaring frå sjukeheim

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig.

25% av stillinga er knytt til timebank.

 

Kontakt:

Einigsleiar: Ruth N Bakke Tlf: 55 09 74 13/903 60 110, e-post: ruth.bakke@oygarden.kommune.no

 Avd.leiar: May-Britt Hægland tlf 951 60 647

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    28.09.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4745292
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 14.09.2022