• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    26.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6662064
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast , demens avd.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Om Tednebakkane omsorgssenter:


Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.

Som sjukepleiar/vernepleiar hos oss får du vera med i eit nyetablert sjukepleieteam og kan påverka korleis vi utviklar det. Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling.

Vi har god legedekning, og legen er på huset måndag til torsdag.

Vi har òg vårt eige kjøkken og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar.

Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.

 

Vi har no ledig 100% stilling som sjukepleiar på demensavdeling med oppstart snarast.

 

Arbeidsoppgåver:

Være ein del av sjukepleiarteamet

Utføre sjukepleiaroppgåver

Kartleggje miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov

Dokumentere i journalsystemet CosDoc

Medisinansvar

Sjukepleiarkontakt for bebuarar

Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov

Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.

 

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som sjukepleiar

3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.

Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.

Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg

Personleg eigenskapar vert vektlagd

 

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeidsevner.

Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.

Godt humør, være open, ærleg og lojal.

Være glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen

 

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

 

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %

Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønskje langvakter med arbeid kvar 4 helg.

 Ved spørsmål om stillinga kontakt:

Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar Kjersti Hammersland Dagestad tlf 92490222 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    26.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6662064
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune