Vacancy

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og vil jobbe i et triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i bukollektiv for eldre.

Er du nyutdanna sjukepleiar er du velkomen til å søkje. Du vil få god opplæring.

 

Arbeidsoppgåver:
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
  • Du bidrar med fagleg autoritet og varme
Kvalifikasjonar:
  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar
  • Gyldig politiattest.
Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste

Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar
  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
  • Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
  • Du evner å takle hektiske arbeidsdagar når det er nødvendig
  • Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med brukarar og pårørande
  • Egna personlegdom vert vektlagd
Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Gode bussforbindingar og gratis parkering
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.