Company
Alver kommuneApplication deadline
29.05.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5191141Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 13.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg frå 01.09.2023.
Om Lindås heimeteneste
Heimetenesta i Alver er organisert i 7 ulike geografiske soner- Manger, Frekhaug, Ostereidet, Lindås, Alversund/Seim, Knarvik sør/vest og Knarvik nord/aust. Dagsentera for heimebuande er også organisert under heimetenesta og samarbeider tett med avdelingane. Alle avdelingane nyttar Mobil Omsorg, og me har stor fokus på Velferdsteknologi i tenesteytinga.
Avdeling Lindås heimeteneste har base på Lindås bu- og servicesenter og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten.
Arbeidsoppgåver
Personalet yter tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene famnar om mellom anna heimesjukepleie, heimehjelp, middagsombringing og administrasjon av medisinar til brukarane. Det er krav til dokumentasjon i Profil av tenestene ein gjev. Arbeidet i heimetenesta fordrar at ein jobbar tverrfagleg til beste for brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er inspirerande og engasjert
- kan prioritere i ein travel kvardag
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- er løysingsorientert, påliteleg og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har evne til å arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Ei avdeling med høg kompetanse og stort fokus på kvalitet i tenesta
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Company
Alver kommuneApplication deadline
29.05.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5191141Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 13.05.2023