• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    15.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4941192
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 02.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga vil for tida vere knytt til Skrenten omsorgsbustad. 

Om Lindås heimeteneste

Avdeling Lindås heimeteneste har base på Lindås bu og servicesenter og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten. Denne stillinga er knytt til Skrenten omsorgsbustad pluss som er lokalisert i Skrenten 64. Skrenten har 6 leilegheiter med heildøgnsbemanning.  

Arbeidsoppgåver

Personalet yter tenester til brukarar som bur i leilegheiter der, og famnar om mellom anna heimesjukepleie, heimehjelp, middagsombringing og administrasjon av medisinar til brukarane. Det er krav til dokumentasjon i Profil av tenestene ein gjev. Arbeidet i heimetenesta fordrar at ein jobbar tverrfagleg til beste for brukarane innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • kan prioritere i ein travel kvardag
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er løysingsorientert, påliteleg og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har evne til å arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    15.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4941192
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 02.03.2023