Company
Alver kommuneApplication deadline
22.03.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Manger
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3546460Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 05.03.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Rekrutteringstilskot kr. 50.000,- mot 2 års bindingstid.
Om Manger heimeteneste
Avdeling Manger har kontor på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Her arbeider sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling i stadig utvikling med et felles fokus på gode tenester.
Omsorg pluss (OMS) har 21 leilegheiter og 25 bebuarar. Stillinga vil få eit meiransvar for oppfylging av bebuarane våre i OMS.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar i eigne heim. Det er krav om at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Vi ønskjer no å styrke våre sjukepleieressursar i avdelinga og har soleis bruk for ein engasjert medarbeidar med interesse for eldreomsorg. Stillinga vil få meiransvar for oppfølgjing av bebuarane våre i Omsorgsbolig pluss. Som sjukepleiar vil du bli ein viktig del av pasientoppfølgjinga ved OMS, og samhandlinga mellom bebuarane sine fastlegar, avdelingsleiar og driftskoordinator, alt med sikte på å gi brukarane best mogleg teneste.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritere i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer med høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Humor og humør
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Company
Alver kommuneApplication deadline
22.03.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Manger
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
3546460Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 05.03.2021