Company
Ål KommuneApplication deadline
02.03.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6057881Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Sjukeheimslege - legestillingar i Ål
Offentlig forvaltning
Ål kommune er plassert sentralt i nokon av Sør-Norges mest attraktive fjellområder. Her ligg landets beste destinasjonar for sykling, ski og heilårsbasert fjellsport. Norsk Luftambulanse har sin base for Indre Sør-Norge på Ål, og utgjer saman med Hallingdal Sjukestugu og legetenesta i Ål eit sterkt fagmiljø og senter for regionale helsetenester og beredskap.
Me har ledig følgjande stillingar:
- Sjukeheimslege - inntil 80 % fast stilling,
- Fastlegeheimel - inntil full listestorleik (810 listepasientar)
- Det vil bli ledig kommuneoverlegestilling i løpet av året. Har du lyst på å vite meir om denne stilllinga, så ta kontakt med kommunalsjef Borghild Ulshagen
Blir du med på laget?
Stillinga som sjukeheimslege kan kombinerast med stilling som fastlege eller kommuneoverlege. Me ber deg oppgje i søknaden om du ønskjer å jobbe i ein kombinert stilling. Som sjukeheimslege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta.
Vår flinke sjukeheimsoverlege gjennom mange år, nærmar seg pensjonsalder, og me søkjer derfor etter ein ny sjukeheimslege. Du vil vere i team med LIS 1 lege, som har delar av praksisen sin på sjukeheimen. Me søkjer etter deg som har lyst på ein spannande og utviklande stilling som sjukeheimslege. Våre tenester er i kontinuerleg utvikling i takt med aukande kompleksitet i pasientens helsetilstand og behandlingsbehov.
Du vil få god innføring i stillinga i trygge rammer, og opplæring vil skje i samarbeid med sjukeheimsoverlege. Du er med på å ta stilling til behandlingsnivå, har medisinskfagleg ansvar og skal ha en god og open kommunikasjon med pasient og pårørande.
Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning.
Me tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein verksemd i utvikling
- eit solid tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar, fagsjukepleiar, helsefagarbeidarar og assistentar som fokusera på å fremje livskvalitet og meistring i eige liv for våre pasientar gjennom heiskapeleg tilnærming, kunnskapsbasert praksis og personsentrert omsorg
- me kan legge til rette for å fullføre relevant spesialisering
- det kan vere mogleg å få praksisen godkjent som ein del av ALIS
- konkurransedyktig fastlønn etter kvalifikasjonar, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid
- flotte og moderne lokalar som er samlokalisert med mellom anna legeteneste, heimeteneste, spesialisthelsetenesta
Oppgåver lagt til stillinga:
- legeansvar for totalt 49 pasientar/bebuarar inkludert visittar og fortløpande pasientarbeid
- medisinskfagleg behandling ved korttids- og langtidsavdeling som til dømes rehabilitering, avklarte akuttopphold, somatikk, lindring og psykogeriatri
- oppfølging etter opphald i spesialisthelsetenesta
- deltaking i fag- og kvalitetsutvikling i tenesta og, rettleiing og undervisning for tilsette, inkludert pasientsikkerheit
- sørge for at pasientane får eit heilskapleg tenestetilbod gjennom informasjon, råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartner
- samhandling med eksterne aktørar som kommuneoverlege, legevakt, fastlegar og spesialisthelseteneste
Me søkjer deg med:
- norsk autorisasjon som lege, gjerne relevant spesialistutdanning innan allmennmedisin, geriatri eller indremedisin, relevant erfaring frå primærhelsetenesta / sjukeheimslege
- fullført norsk turnusteneste /LIS1 teneste
- god norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevne i møte med brukar, pårørande og kollegaer i tenesta.
- evne til å vere sjølvstendig, fleksibel og løysningsorientert
- interessere for fagutvikling og kvalitetsarbeid og som ønskje om å formidle kunnskap vidare i rettleiing og undervising
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som blir tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! - Ål kommune
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
02.03.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6057881Look here for other jobs from Ål Kommune
-
Fastlege - legestillingar Ål i Hallingdal
Ål Kommune
ÅL -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Familiens hus, psykisk helse har ledig ein spennande 100% midlertidig stilling
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Generell søknad - Ål kommune
Ål Kommune
ÅL