Ledigt jobb

Øygarden kommune

Sjuke-/ vernepleiar 2 x 100 % faste stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om tenesta:

Oppfølgingstenestene er ein del av tilbodet i Avdeling psykisk helse og Rus og består av tverrfagleg samansette team som gjer tilbod til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og- / eller rus. Tenestene som vert gitt er vedtaksbasert.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og  aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.

Om stillinga:
  • Stilling 1 er ledig frå  01.01.2025
  • Stilling 2 er ledig frå 01.03.2025
  • Begge stillingane er på dagtid
Arbeidsoppgåver:
  • Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve til lovverk, retningslinjer og vedtak.
  • Rettleiing
  • Praktisk bistand
  • Nettverksarbeid
  • Koordinere tenestetilbodet, delta i samarbeidsmøter/ ansvarsgruppe
  • Individuell plan
  • Tilvise til behandling
  • Journal- og dokumentasjonsansvar
  • Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • Fullført treårig helse-/sosialfagleg høgskuleutdanning som  sjukepleier/vernepleiar. Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning. Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagt og vi ser særleg etter deg som:
  • Evner å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel
  • Er løysingsfokusert
  • Evner å jobbe strukturert og målretta
Vi tilbyr:
  • En spanande og lærerik arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Øygarden kommune tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell, ingen krav til eigenkapital og opptil 100%finansiering av eigen bustad
Kontakt:

Avdelingsleiar Saritha Hovland tlf 47649378

Avdelingsleiar Alette Kleppestø tlf 99085228

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.