• Företag
    Kystverket
  • Ansökningstiden
    31.08.2020
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5947, FEDJE
    FEDJE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3051733
  • Se här för andra jobb från Kystverket
  • Uppdaterad 31.07.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kystverket

Sjøtrafikksentralsjef

Offentlige tjenester og forvaltning

Sjøtrafikksentraltenesta – Vessel Traffic Service (VTS) – er ei internasjonal teneste i Noreg som er drifta av Kystverket for å betre sjøsikkerheit og vern av miljøet i kystsona. Kystverket sine fem sjøtrafikksentralar overvaker og regulerer døgnkontinuerleg skipstrafikken i definerte tenesteområder langs norskekysten. Fedje sjøtrafikksentral vart etablert i 1992 og har som ansvar å overvake og regulere skipstrafikken i farvatnet frå Korsfjorden og inn til Sognesjøen. Sjøtrafikksentralen har 14 trafikkleiarar med to på vakt til ei kvar tid.


Arbeidsoppgåver
  • Leie arbeidet ved trafikksentralen og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ansvar for turnusplanlegging/vaktlister
  • Ansvar for trafikksentralen sin del av bygningen
  • Myndigheitsutøving og budsjettansvar
  • Delta i relevante prosjekt
  • Representere Kystverket i relevante fora og inngå i statens aksjonsorganisasjon
  • Delta i regiondirektøren si leiargruppe og vere ansvarleg for gjennomføring av tiltak bestemt i denne 
  • Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
  • Maritime-offshorefag Nautikk
  • Norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • Leiarerfaring innen offentleg forvaltning, og erfaring med turnusplanlegging er ein fordel
  • Det er eit krav om nautisk utdanning til å kunne løyse dekksoffisersertifikat klasse 1, men må ha løyst dekksoffisersertifikat klasse 2 
  • Nautisk utdanning på høgskulenivå vil være ein fordel 
  • Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
  • Må gjennomføre og bestå autorisasjonsprøve og nasjonalt tenestebeviskurs som trafikkleiar ved ansettelse
  • Gyldig legeattest for sjøfolk. Legeattesten må være gyldig i 18 måneder
  • Gode datakunnskaper
  • Det er eit krav om sikkerheitsklarering

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Gode evner til koordinering og gjennomføring av prosessar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Løysningsorientert innanfor rammevilkåra
  • Fremtidsretta, engasjert og påliteleg
  • Vi tilbyr
    • Ei utfordrande stilling med utviklingsmogligheiter i eit maritimt miljø
    • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
    • Fleksibel arbeidstid
    • Lønn etter kvalifikasjonar: 1407 Avdelingsleiar kr. 640 200 – kr.741 300 i staten sitt lønnsregulativ

    Andre opplysningar

    Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke. Vi legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
    Noko reising må påreknast.
    Arbeidstad for stillinga er for tida Fedje sjøtrafikksentral.

    Kystverket er for tida under omorganisering og ny organisasjon vil vere på plass frå 2021.

     

    • Företag
      Kystverket
    • Ansökningstiden
      31.08.2020
    • Anställningsform
      workTime.Heltid
    • Bransch
      Offentlige tjenester og forvaltning
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      5947, FEDJE
      FEDJE
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      3051733
    • Se här för andra jobb från Kystverket
    • Uppdaterad 31.07.2020