Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
10.01.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5980189Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
SFO medarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer engasjerte og trygge vaksne med eit brennande ønske om at elevane skal ha det gøy i SFO. Som vaksen i SFO er du med på å sørgja for eit trygt, godt og inkluderande miljø. Du tek del i aktiviteten med barn, både ute og inne. Me skal i lag med elevane bidra i eit lærande fellesskap. Me set også samarbeid med kollegaer og foreldre høgt på vår SFO.
På Varhaug SFO liker me å vera aktive både inne i gymsalen, eller ute på leikeplassen. Det blir fokus på turar i nærmiljøet, og på SFO-kokk ønskjer me at dei sunne matvarene skal vera presenterte. Me ønskjer også at kreativiteten hos elevane våre skal utfordrast i formingsaktivitetane me legg opp til.
Me håpar du som har nokre ekstra timar i veka ønskjer å søkja på vikar hos oss! Me gjev alle vikarane våre god oppfølging med eigen fadder. Me liker godt når nye personar utfordrar oss på korleis me gjer ting hos oss, slik at me kan bli betre.
Utdanna barne- og ungdomsarbeidarar er føretrekte, men me opnar også opp for andre å søkja. Dette kan kanskje kombinerast med studentlivet? Arbeidstidene er 14.00 - 16.00 på måndagar, onsdagar og torsdagar, 11.00 - 16.00 på tysdagar og 12.30 - 16.00 på fredagar. Ulike kombinasjonar av dagar er mogleg.
Tilsetjing kan skje fortløpande.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
10.01.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5980189Se her for andre jobber fra Hå kommune