• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    21.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6284039
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
Ledigt jobb

Giske Kommune

SFO-leiar ved Valderøy barneskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du klar for ein meiningsfull og inspirerande jobb der du kan vere med å gjere ein forskjell for barn kvar einaste dag? Valderøy barneskule søkjer ein SFO-leiar som vil vere med å skape eit trygt, spennande og utviklande tilbod for barna våre. Her får du moglegheita til å leie eit SFO i vekst, saman med eit dedikert team som brenn for gode oppvekstvilkår.

Valderøy barneskule er ein moderne 1.–7. skule med om lag 450 elevar og ein stor SFO med rundt 180 barn. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» – og vi legg til rette for at både barn og vaksne skal kjenne seg trygge, verdsette og motiverte til å utvikle seg. Som SFO-leiar vil du vere ein viktig del av laget vårt som gir barna ein god og meiningsfull kvardag.

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for barn og oppvekstmiljø, og som vil bidra til å skape eit inkluderande, variert og spennande SFO-tilbod. Du vil få støtte av to koordinatorar, men vil òg få høve til å forme tilbodet og sette ditt preg på utviklinga framover.

Kven er du?
Vi søkjer ein SFO-leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO-ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

Godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor.
Erfaring frå arbeid med barn og leiing er ein stor fordel.
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlige egenskaper:

  • Du er ein inspirerande og tydeleg leiar.
  • Du har eit stort hjarte for barn og trivst med å byggje gode relasjonar.
  • Du er kreativ og ser moglegheiter framfor begrensingar.
  • Du er strukturert, engasjert og løysingsorientert.
  • Du har god digital kompetanse og formidlingsevne.

Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange barn.
  • Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for uteaktivitetar.
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    21.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6284039
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune