• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    06.08.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3017024
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 03.07.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

SFO-leiar - 100% fast - Leiknes skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Leiknes skule er det ledig stilling som SFO- leiar frå 1. august 2020. Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod kor barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid. Det er tillagt administrasjonstid til stillinga.  Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.  Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning, eller anna relevant erfaring og utdanning, som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO. 

Leiknes skule

Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule (1.-7. trinn). Skulen har ca 180 elevar og nær 30 tilsette. Skulen ligg langs Osterfjorden, 7km køyring frå Knarvik.
Frå hausten vil nær 40 barn nytta skulefritidsordninga. SFO har heilårstilbod og tek imot elevar frå 3 nabo-skular i ferievekene. 

Arbeidsoppgåver:

  • det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
  • utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO-tida
  • sikre at SFO-tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld
  • vere ein del av skulen sitt leiarteam
  • ha ansvar for personalmøte og andre møte med tilsette og heimane
  • leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen
  • leie SFO-tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd
  • ansvar for vikarhenting ved fråvær i SFO-tida

Ønskt kompetanse

  • pedagogisk utdanning på bachelornivå eller anna relevant utdanning
  • annan kompetanse kan og vere aktuell, til dømes fagbrev i barne- og ungdomsarbeid
  • fordel med tidligare erfaring frå SFO-drift, skule, eller anna pedagogisk verksemd
  • må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
  • ønskjeleg med administrativ erfaring og erfaring som arbeidsleiar
  • utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein SFO-leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å uvikle SFO-ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
  • pensjon i KLP  og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest

Ved tiltrede må det leggast fram Politiattest, jf. Opplæringsl.§ 10-9 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Det er ein fordel at du skriv ein utfyllande søknad. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    06.08.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3017024
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 03.07.2020