Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
26.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5888324Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 20.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Hå kommune
Seniorrådgjevar for økonomi og analyse
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Hå kommune søkjer ein høgt motivert seniorrådgjevar som skal arbeide tett med kommunedirektør og leiargruppa hennar. Stillinga er eit engasjement for 2 år med moglegheit for forlenging og rapporterer direkte til kommunedirektøren.
Arbeidsoppgåver
• Strategi og budsjettarbeid
• Økonomioppfølging i tjenesteområda – budsjett, avviksanalyser, prognoser, tiltak,
• Eigarstyring
• Analyse og utgreiingsoppgåver
• Ansvar for kompetanseutvikling på økonomiområdet
• Ansvar for rett bruk og vidare utvekling av verktøy, rutiner og prosessar innan økonomiområdet i samarbeid med økonomisjef
• Bidra i utviklingsarbeid
• Følgje opp strategiske initiativ og prosessar som kommunedirektøren iverksett for delar eller for heile organisasjonen
Kvalifikasjonar
• Høgare økonomisk/administrativ utdanning på master-nivå.
• Erfaring med leiing på strategisk nivå
• Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Minst 10 års erfaring frå sentrale posisjonar i kommunal sektor
• God økonomiforståing og erfaring med budsjettering
• Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
• Strukturert, initiativrik og løysingsorientert
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar, engasjere og motivere
• Ha høg grad av oversikt og struktur, både på eigne og andre sine ansvarsområde
• Stor arbeidskapasitet med resultatfokus
• Evne til å arbeide som del av eit team, men òg sjølvstendig
• Ha gode analytiske eigenskapar med god evne til raske vurderingar og avgjerder
• Gode organisatoriske ferdigheiter og gjennomføringsevne
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Løn og andre vilkår etter avtale.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
26.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5888324Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 20.09.2024