• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    07.04.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5641829
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 16.03.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Sekretær ved Nedre-Ål skule

Offentlig forvaltning

Er du eit ordensmenneske med gode IKT-ferdigheiter? Då har me bruk for deg!

Frå 1. august har me ledig 60% stilling som sekretær ved Nedre-Ål skule. Det er ynskjeleg å fordele arbeidstida over fire kortare dagar.

Nedre-Ål skule er ei barneskule med om lag 220 elevar på 1.-7. trinn. I tillegg til rektor, er det to avdelingsleiarar i 80% kvar. Som sekretær vil du også samarbeide med SFO-leiar og spes.ped-koordinator. Me har ca. 50 lærarar, fagarbeidarar og miljørettleiarar.

Arbeidsoppgåver

  • sentralbord og resepsjon
  • sørvis til elevar, tilsette og føresette etter behov
  • bidra til god orden, rutinar og system på skulen
  • innkjøp, fakturahandsaming og timelister
  • organisering og oppfølging av skuleskyss
  • innskriving til 1. trinn og SFO-opptak
  • arkivering
  • post og sakshandsaming
  • andre oppgåver etter avtale med leiinga

Kvalifikasjonar

  • gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse - grunnleggande bruk av Office-programvare, og lett for å tileigne seg nye program og system
  • relevant erfaring er ønskeleg, men ikkje naudsynt

Personlege eigenskapar

  • godt humør
  • strukturert og nøyaktig
  • gode samarbeids – og kommunikasjonsevner
  • fleksibilitet og evne til å jobbe i ein travel skulekvardag

Me tilbyr

  • gode kollegaer
  • ein meiningsfull kvardag
  • mange tilbod i kommunen innan kultur – og idrett for både små og store
  • løn etter avtale, arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
  • pensjonsordning i KLP

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader 
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    07.04.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5641829
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 16.03.2024