Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.02.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3463425Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Sakshandsamar, psykiatri og rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har samla sakshandsaming innan helse og omsorg i eit miljø – tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg, og er tverrfagleg samansett av sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar. Eininga er for tida lokalisert på Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommunen si tenesteyting. Eininga har 9 årsverk.
Vi har følgande stilling ledig:- 100% vikariat som sakshandsamar, psykiatri og rus til 31.12.2021.
Stillinga vil i stor grad være knytt til sakshandsaming av søknader innan psykisk helse og rusomsorg hjå heimebuande. Det vil også vere noko sakshandsaming knytt til dagtilbod, støttekontakt og bu-tiltak, og ansvar for innhenting av informasjon frå brukar og samarbeidspartar. Ein har direkte brukarkonakt i møter og ved heimebesøk.
Krav til søkar:- bachelor innanfor helse-, omsorgs- og sosialfag. Utdanning innan sjukepleie/ psykiatrisk sjukepleie vert føretrukke, men andre utdanningar vert vurdert om ein har arbeidserfaring innan felta psykiatri og/ eller rus
- førarkort klasse B
- gode norsk kunnskapar både skrifteleg og munnleg
- erfaring frå arbeid innan kommunal helse- og omsorgsteneste
- Det er ynskeleg med relevant vidareutdanning utover bachelornivå, innan psykisk helse og/ eller rusomsorg, eller ha erfaring frå sakshandsaming innan helse- og omsorg
- har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
- er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy. I Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
- er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- har erfaring med sakshandsaming innan helse- og omsorg
- er budd på å møte brukar der det er best eigna, ofte heimebesøk
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
Politiattest må leggast fram før start i stilling.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
·
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.02.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3463425Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.02.2021