Detaljer

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    27.02.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3463425
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Sakshandsamar, psykiatri og rus

Sunnfjord kommune har samla sakshandsaming innan helse og omsorg i eit miljø – tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg, og er tverrfagleg samansett av sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar. Eininga er for tida lokalisert på Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommunen si tenesteyting. Eininga har 9 årsverk.

Vi har følgande stilling ledig:
  • 100% vikariat som sakshandsamar, psykiatri og rus til 31.12.2021.

Stillinga vil i stor grad være knytt til sakshandsaming av søknader innan psykisk helse og rusomsorg hjå heimebuande. Det vil også vere noko sakshandsaming knytt til dagtilbod, støttekontakt og bu-tiltak, og ansvar for innhenting av informasjon frå brukar og samarbeidspartar. Ein har direkte brukarkonakt i møter og ved heimebesøk. 

Krav til søkar:
  • bachelor innanfor helse-, omsorgs- og sosialfag. Utdanning innan sjukepleie/ psykiatrisk sjukepleie vert føretrukke, men andre utdanningar vert vurdert om ein har arbeidserfaring innan felta psykiatri og/ eller rus
  • førarkort klasse B
  • gode norsk kunnskapar både skrifteleg og munnleg
  • erfaring frå arbeid innan kommunal helse- og omsorgsteneste
  • Det er ynskeleg med relevant vidareutdanning utover bachelornivå, innan psykisk helse og/ eller rusomsorg, eller ha erfaring frå sakshandsaming innan helse- og omsorg
Vi søker deg som:   
  • har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
  • er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy. I Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
  • er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • har erfaring med sakshandsaming innan helse- og omsorg 
  • er budd på å møte brukar der det er best eigna, ofte heimebesøk
Vi kan tilby:
  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen

Politiattest må leggast fram før start i stilling.

 

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

  

 

·