• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3224430
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 12.11.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sakshandsamar i 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi er på jakt etter ein engasjert sakshandsamar i 100 % fast stilling ved forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester i Alver kommune

Om Forvaltningskontoret

Forvaltningskontoret har ansvar for sakshandsaming av søknader om helse-og omsorgstenester for alle innbyggarar i nye Alver kommune. Kontoret ligg i Alver rådhus i Knarvik og har dyktige medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse. Som sakshandsamar får du mange spanande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø og mulegheit for fagleg og personleg utvikling. Forvaltningskontoret har god samhandling med dei ulike tenestene som utøvar helse- og omsorgstenester. Vi søker no ein ny medarbeidar som ønskjer å bidra til utviklinga av forvaltningskontoret i Alver kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming av søknader primært for brukarar innan fagområdet psykisk helse og rus. Sakshandsaming inneber diaolog og samhandling med søkar, kartlegging av behov for tenester ( t.d. ved heimebesøk), og å fatte vedtak i tråd med regelverket.
  • Tilby brukarar og pårørande råd og rettleiing innanfor fagfeltet psykisk helse og rus.
  • Ha dialog med utøvande tenester i kommunen, i sær tenesta for psykisk helse og rus.  
  • Samhandling med andre kommunale aktører og spesialisthelsetenesta, herunder initiere og gjennomføre samarbeidsprosesser og lede samarbeidsmøter.
  • Handtering av PLO-meldinger innan fagområdet psykisk helse og rus (elektronisk samhandling med fastlege og spesialisthelstetenesta).
  • Samarbeide med andre sakshandsamarar med tilsvarande oppgåver på kontoret.
  • Bidra i forbetring – og utviklingsarbeid på forvaltningskontoret, primært innanfor fag- og saksområdet psykisk helse og rus.

Kompetansekrav

  • Har 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning
  • Har vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Har minst 2 års erfaring frå arbeid med brukarar/pasientar innan fagområdet psykisk helse og rus
  • Har relevant erfaring i forhold til arbeidsoppgåvene som inngår i stillinga

Det er ein føremon om du har vidareutdanning i helserett. Det er også ein føremon om du har erfaring frå sakshandsaming etter helselovgivinga og forvaltningslova.

Personlege eigenskapar

I denne stillinga vert det lagt vekt på følgjande personlege eigenskapar:

  • Strukturert, effektiv og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg trygg, og evne til å bidra inn i eit godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Engasjement og fleksibilitet
  • Gode formuleringsevner, skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Et hyggelig arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjonsordninger 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    26.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3224430
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 12.11.2020