Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.11.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4876876Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sakshandsamar 100% mellombels, Koordineringssenteret
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sakshandsamar 100% mellombels – Koordineringssenteret
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Koordineringssenteret er ei avdeling som handsamar alle søknader og vurderer behov for tenester etter Lov om kommunale helse-og omsorgstjenester. Senteret skal gje råd og rettleiing til dei som treng det, vera ein god samarbeidspartnar og delta i ulike tverrfaglege team. Koordineringssenteret har mange oppgåver og held på å finna sin plass i organisasjonen. Ein ønskjer å finna den form for organisering som har brukar i fokus og gjev rett hjelp til rett tid innanfor dei rammer som er gjeldande.
Det er ønskje om å ha ulik kompetanse inn i teamet, høgskuleutdanna personell som har særleg interesse og erfaring frå 1. linje teneste i kommunen.
Vi held til i flotte lokalar i Skogsvåg
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter Lov om kommunale helse og omsorgstjenester
- Gje råd og rettleiing
- Samskape på tvers av tenesteområda, delta i tverrfaglege team og vera med å vidareutvikle tenester.
- Fokus på forebygging og søkja finna rett hjelp til rett tid for dei som treng vår hjelp i samarbeid med frivillige / lag og organisasjoner.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Sjukepleiar eller anna 3-årig helse og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med psykiske vansker eller rusproblematikk
- God kjennskap til helse og omsorgstenestelova
- Erfaring frå arbeid i kommunal sektor, sakshandsaming, tverrfagleg samhandling
Personlege eigenskapar:
- Du må vera glad i å arbeide med menneske.
- Du må vera aktiv lyttande, like å samhandle med andre.
- Løysingsorientert og fleksibel
- Du må lika å jobbe systematisk og ha ein hektisk arbeidsdag
Anna:
- Må ha førarkort kl. B
- Mellombels stilling med varighet til 31.12.23
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Avdelingsleiar Katrine Risløw, tlf 45874502
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.11.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4876876Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.11.2022