Ledigt jobb

Sogndal kommune

Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere eit trygt førebilete for ungdom (13–18) og bidra til tilhøyrsle, tryggleik og meistring? Me søkjer aktivitetsguidar mellom 18–30 år som vil følgje opp ein eller fleire ungdomar i kvardagen, både ein til ein og i Rocket-Man fellesskapet.  

Arbeidsoppgåver 

  • Vere ein trygg storesøster/storebror-figur og følgje opp “din” ungdom 

  • Planleggje og delta på fellesaktivitetar  

Kvalifikasjonar 

  • Du brenn for ungdom og ønskjer å gjere ein viktig forskjell for ungdom i Sogndal Kommune 

  • Gjerne erfaring/interesse frå eitt eller fleire område: friluftsliv, sport, musikk, gaming, kunst – breidde er ein fordel 

Personlege eigenskapar 

Me ser etter deg som er kreativ og engasjert, med evne til å finne nye løysingar og bidra med energi og pågangsmot i kvardagen. Du er stabil, påliteleg og skaper tillit. Du har eit varmt og inkluderande vesen, er god til å byggje relasjonar og trivst med å samarbeide. 

Personlege eigenskapar vert vektlagde.  

Dette tilbyr me 

  • Opplæring og tett oppfølging i rolla som aktivitetsguide. 

  • Verdidrive arbeid der tilhøyrsle, tryggleik og meistring står i sentrum 

  • Ein sjølvstyrt og variert arbeidskvardag med spennande aktivitetar 

  • Nyttig erfaring med relasjonsbygging, leiing og samarbeid  

  • I hovudsak er det 4 timar aktivitet i veka. Me kan også ha aktivitet i helgene som kan vare lenger 

  • Løn etter avtale 

 

Du kan lese meir om Rocket-Man her: Velkommen - Rocket-Man 

Er det deg me ser etter? Søk no eller ta kontakt: 
E-post: sogndal@rocket-man.no 
Telefon: 478 81 825 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.