Company
Øygarden kommuneApplication deadline
17.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6519348Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Ringevikarar, Barnehager
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om barnehagane:
Sør i kommunen vår har vi 4 kommunale barnehagar. Klokkarvik barnehage, Skogsvåg barnehage, Stranda barnehage, og Spildepollen kystbarnehage. Alle desse barnehagen treng vikarar. For meir info om barnehagane, sjå heimesida til Øygarden kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Omsorg og leik med barna
- Følge barnehagen sine rutinar og planar
- Gje støtte og hjelp til barn i læringsarbeid, sosial utvikling og i samspel med andre
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med:
- Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
- Ønskjeleg med erfaring frå barnehage eller tilsvarande arbeid
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer deg som er omsorgsfull og initiativrik
- Du er ein trygg vaksen som likar å jobbe med barn
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og har godt humør
- Du er omgjengeleg og ein god kollega
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Anna:
Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Else Glesnes, Skogsvåg barnehage, tlf: 95 11 32 02.
Miriam Blomvågnes, Stranda barnehage tlf: 98 85 39 90
Søknadsfrist: 17.02.26, men det blir fortløpande intervju etter kvart som det kjem inn søknader
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
17.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6519348Look here for other jobs from Øygarden kommune